LOS vil pumpe grøn varme inn i heimane

LOS Gruppen
-
15/3/2019

[et_pb_section bb_built="1" _builder_version="3.17.6" custom_margin="0px|||" custom_padding="0px|||"][et_pb_row][et_pb_column type="4_4"][et_pb_text _builder_version="3.17.6"]

LOS Gruppen er allereie inne med varmepumper i industrimarknaden. Denne gongen styrkar konsernet satsinga på privatmarknaden. LOS Ølve Elektro aukar sin eigardel i selskapet Varmepumpe Vestland frå 15% til 51 % frå 1.mars. – Varmepumper gir auka komfort, lågare straumutgifter og dei er miljøvennlege. Satsing mot eit grønare samfunn er svært viktig for LOS Gruppen, seier styreleiar i LOS Elektro Arne Mæland.

Bygger vidare på veletablert selskapLOS Ølve Elektro blei frå 1.november 2018 ein del av LOS-konsernet. Som medeigar i det veldrivne, Etne-baserte Varmepumpe Vestland AS kjøper dei seg no opp til 51% i selskapet og styrkar med det sin kompetanse på varmepumpesida. – Eg har drive med varmepumper i 25 år i ulike samanhengar, seier Sveinar Kringlebotten, dagleg leiar i Varmepumpe Vestland. – I desse åra her eg prøvd det meste og satsa på det beste. Hos oss ligg driftsikkerheit og kvalitet ligg øvst på kravlista.

Minst to gode grunnar til samarbeidKringlebotten seier det er gode grunnar til å gå inn i LOS-konsernet. – Varmepumpemarknaden har sesongsvingingar som for eit lite firma er krevjande. Det er full rulle og vel so det frå august og fram til april, fortel Kringlebotten, mens vår og sommar er det lågare aktivitet, mest service og vedlikehald. – Ein større organisasjon kan då flytta folk over på andre oppgåver. Så er det jo fint å bli ein del av ein større samanheng, og sleppa å gå kveld og helg i lange periodar. Ein annan grunn er det store potensialet i eit konsern som LOS. Dei har mange avdelingar som driv bustadinstallasjonar og dermed kan dei også tilby dette til sine kundar. I nye hus er det dessutan krav til enøk-tiltak, så for LOS Elektro sin del vil dette gjera dei meir komplette som leverandør. Selskapet endrar no namn til LOS Varmepumpe Vestland, og marknaden vil vera nettopp Vestlandet.

Økonomisk og bærekraftig komfort i heimen– Luft-til-luft-varmepumper er særleg gunstige å nytta på Vestlandet sidan dei er mest effektive i dei temperaturområda me har her hos oss, uttrykker ein nøgd dagleg leiar i LOS Ølve Elektro, Stig Håvik. – Varmepumpene nyttar straum til drifta, men mindre enn ved bruk av elektriske omnar. Ein vanleg einebustad har eit årleg straumforbruk på om lag 25.000 kilowatt-timar. Ved å installera varmepumpe kan husstanden spara om lag 4.800 av desse, det kan bety innsparing på 72.000 kroner i løpet av 15 år kan Håvik fortelja (Døme: Ved ein straumpris på 1 kr./kWh iflg. Enova).

LOS veks vidare på Vestlandet– LOS har som plan å veksa, og gjennom vårt selskap i Ølve blir me no største eigar i dette veldrivne selskapet i Etne. Det kompletterer vår eksisterande aktivitet og tilfører viktig kompetanse, seier styreleiar i LOS Ølve Elektro AS, Arne Mæland. – Me har hatt gode samtalar og er blitt samde om ei avtale og opplever vinn-vinn når me no blir med i LOS Varmepumpe Vestland AS. Me forventar god vekst vidare også i dette selskapet og gler oss til samarbeidet, avsluttar Mæland.

Ved meir informasjon og spørsmål, kontakt Arne Mæland (907 38 264) eller Stig Håvik (924 69 143).

[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row][et_pb_column type="4_4"][et_pb_image _builder_version="3.17.6" src="https://los-gruppen.no/wp-content/uploads/2019/03/Varmepumpe-Vestland_sml.jpg" show_bottom_space="off" /][et_pb_text _builder_version="3.17.6"]

Styreleiar Arne Mæland (tv) og dagleg leiar Stig Håvik i LOS Ølve Elektro har signert avtale med dagleg leiar i Varmepumpe Vestland AS, Sveinar Kringlebotten (midten).

[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?