Klargjering av Moster Amfi til tusenårsjubileet

LOS Gruppen
-
19/4/2024

I anledning tusenårsjubileet Moster 2024, har Moster Amfi fått midlar til å gjennomføre ei oppgradering av bygg. Det har vorte laga eit heilt nytt administrasjonsbygg med blant anna kontor, møterom, kjøkken, garderobe, foaje og ustillingslokale, samt utbetringar av scene og opphaldsrom under scenen. Valvatne Bygg har vore hovudentrepenør, medan LOS Elektro har stått for det elektriske arbeidet og vore på staden sidan januar med to elektrikarar. Prosjektet er no heilt i sluttfasen.

LOS Elektro har utført all den elektriske installasjonen, inkludert lys, stikkontaktar, brannalarm, installasjon av innbruddsalarm og dørstyring. Dei har samarbeidd tett med dei andre aktørane på byggeplassen, blant anna Valvatne Bygg og VVS Bømlo. Dei siste vekene har vore intense, då alt skal ferdigstillast samtidig.

Gjennom heile prosessen har LOS Elektro hatt løpande dialog med kunden, noko som har gjort det mogleg å få raske avklaringar og vere effektive. Dersom kunden har hatt ønskjer om endringar, har ein hatt fleksibilitet til å imøtekomme desse. Den gode dialogen mellom kunde og dei andre aktørane på byggjeplassen har ført til flere kreative løysingar som aktørane har utvikla i lag.

Detaljar: Samarbeid mellom elektrikarar og snekker for åramme inn lysa i taket, ei løysing dei sjølv kom opp med undervegs.

Eivind Høviskeland har fungert som prosjektleiar for LOS Elektro på staden. Han byrja i LOS Elektro då han starta på dette prosjektet i januar. Han fortel at han har hatt ein god start som tilsett i LOS Elektro, med god opplæring og tilgang til gode ressursar internt i firmaet. Prosjektet ved Moster Amfi har vore ei positiv oppleving for han, og han fremhevar det gode samarbeidet mellom aktørane som særleg verdifullt.

Nytt utstillingslokale: Prosjektleiar i LOS Elektro, EivindHøviskeland, viser fram det nye utstillingslokalet.
«Eivind har gjort ein utmerka jobb som prosjektleiar forarbeidet i Moster Amfi. Han kom til oss i januar, og har vore ein verdifulltilførsel til selskapet,» seier Oddgeir Alvsvåg, dagleg leiar i LOS Elektro.

Nina Meldahl Olsen, dagleg leiar i Moster Amfi, uttrykkjer takksemd for arbeidsprosessen i Moster Amfi. Ho seier at alle ho har møtt har vore hjelpsame og løysingsorienterte. Ho fortel vidare at Eivind har vore ein støtte i alt frå val av farge til interiørstil, og har vore ein god samtalepartner gjennom prosjektet. Det tette og gode samarbeidet har vore viktig og verdsatt, særleg sidan Moster Amfi har halde open gjennom heile perioden. Nina ser fram til fullføringa av prosjektet, og understreker at det har vore svært vellykka, med positive og engasjerte folk involvert heile vegen.

Moderne lampe: Nina fortel at ho var spent på om Eivind kom til å like lampen ho fant til det nye møterommet. Heldigvis vart den godkjend!

Me ønskjer å gratulere Moster Amfi med ei flott oppgradering, og til lukke med tusenårsjubileet i mai.

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?