LOS Gruppen (Konsern adm.) og LOS Elektro flyttar til Teknologisenteret

LOS Gruppen
-
13/5/2024

Hollundsdalen, 13.05.24:

LOS Gruppen og LOS Elektro har inngått leigeavtale med Bømlo Siva Eiendom AS, og vil frå og med 3. juni ha kontorstad i Teknologisenteret (Austbøvegen 26) på Rubbestadneset. Flytteprosessen startar rett etter 17. mai, men me er tilgjengelege for kundar og samarbeidspartnarar i heile flytteperioden. Me kan kontaktast som normalt både på telefon, e-post og ved direkte kontakt - men husk at frå 3. juni vil kundar bli tatt imot i Teknologisenteret der dei vil finne LOS Gruppen i 1. etg, og LOS Elektro i 3. etg.

Flyttinga vil føre LOS Gruppen og LOS Elektro tettare på industrien i Rubbestadneset, og ikkje minst tettare på utdanningsmiljøet på Bømlo Vidaregåande skule. Det er nyleg lansert at Vg1 Elektro og datateknologi startar opp med ein ekstra klasse til hausten, og det er gledeleg for oss at det er mange unge som ønskjer å bidra med å elektrifisere Noreg og utvikle vår bransje inn i framtida.

Frå venstre: Inge F. Tverborgvik (Avdelingsleiar Installasjon Sunnhordland), Reidun Særsten (Konsern adm.) og Oddgeir Alvsvåg (Dagleg leiar LOS Elektro)

- Når me no flyttar til Rubben vil det bli endringar rundt sal over disk. Direkte sal av materiell vil utgå, men varer kan fortsatt bestillast for avhenting. Ellers skal alle kundar betjenast som normalt, og me skal tilstrebe å vera tilstades for kundane våre slik som tidlegare, sjølv med ny lokasjon, fortel dagleg leiar i LOS Elektro Oddgeir Alvsvåg. - Me ser fram til å fortsetje reisa vår i eit nytt og moderne bygg, side om side og i godt samarbeid med elevar og industrien i Rubben.

LOS Gruppen og LOS Elektro ser fram til å fortsetje utviklinga på ny lokasjon, og gler oss til vidare samarbeid med tilsette, kundar og samarbeidspartnarar både før, under og etter flyttinga!

For meir informasjon om flyttinga eller andre spørsmål, ta kontakt med oss direkte. Kontaktinformasjon er lett tilgjengeleg på nettstaden vår.

For spørsmål om pressemeldinga,

Oddgeir Alvsvåg

+47 481 62 103

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?