
Ved LOS Marine på Rubbestadneset har landstraumanlegget dei siste månadene vore gjennom ei stor utviding. Arbeidet nærmar seg no sluttfasen og skal vere i mål før jul. Då står eit anlegg med meir kapasitet og fleire tilkoplingspunkt klart, bygd for å møte behova til framtidas maritime næring.
Etterspurnaden etter landstraum aukar i takt med krava til grønare drift. Når eit fartøy får straum frå land i staden for å køyre eigne generatorar, blir det mindre utslepp, mindre støy og lågare drivstofforbruk. Det er bra for miljøet, for mannskapet og for nærmiljøet rundt hamna.

Den nye landstraumløysinga er eigd av Plug Rubben, som gjennom investeringa bidreg til å styrkje den grøne utviklinga i maritim sektor. LOS Elektro har leia prosjektet, og mykje av arbeidet er gjort i samarbeid med lokale aktørar. LOS Marine har hjelpt til med transport, løft og stålarbeid. VVS Bømlo og Brekke Maskin har stått for gravearbeidet, og Bømlo Kraftnett har oppgradert straumnettet slik at det har kapasitet nok. Det har og vore nødvendig med tett dialog med Wärtsilä undervegs i arbeidet, slik at utvidinga ikkje har vore i konflikt med anna pågåande arbeid.
Tre kilometer kabel og tre trinn
Om lag tre kilometer nye kablar er lagde langs kaiane, og arbeidet har vore delt inn i tre utbyggingstrinn. I første trinn sette Bømlo Kraftnett opp ein ny nettstasjon ved dokken, og eksisterande kabelføringar vart lagde om.


I andre trinn vart det sett opp ein ny landstraumskontainer frå PowerCon pådjupvasskaien. Den kan levere 400, 440 og 690 volt, både 50 og 60 Hz, og opptil 600 kW til djupvasskaien og dokken. Dermed kan fartøy med ulike straumsystem kople seg til. Saman med to eksisterande PSW-kontainerar på nyekaien, som òg leverer 600 kW, dekkjer anlegget no store delar av kaiområdet.


I tredje trinn, som no er i gang, monterer LOS Elektro nye tavler mellom transformatoren og PSW-kontainerane, slik at meir av kapasiteten frå nettet kan takast ut og anlegget kan utvidast når behovet aukar. I tillegg kjem det mobile tilkoplingsskap og fem nye uttakssentralar frå nyekaien og inn mot slippen. Kvar sentral får uttak på 230V og 400V.

LOS Elektro har òg levert styringssystemet som startar og stoppar landstraumen. Systemet er kopla til fakturasystemet til Plug, så fakturaen blir laga automatisk når fartøyet koplar seg frå. Det blir enkelt både for kunden og for operatøren.
Bygd for framtida
Når anlegget står ferdig, kan om lag 15 fartøy kople seg til samtidig. Anlegget er dimensjonert med tanke på vekst. Både dei nye tavlene og resten av infrastrukturen har kapasitet utover dagens behov, og anlegget er klargjort for vidare utbygging. Det styrkjer fleksibiliteten til LOS Marine og gjer verftet meir attraktivt for reiarlag som satsar på grønare drift.
Dette har vore ein stor jobb for LOS Elektro med fleire flinke folk i arbeid over ein lengre periode, og me er stolte av jobben som er lagt ned saman med andre lokale aktørar.