På biletet: David Steinsland og Emil Heggren Aasheim, som til dagleg jobbar i LOS Elektro.
Når Finnås A-lag går ut på banen, er det meir enn berre ein fotballkamp som blir spelt. Som hovudsponsor er LOS Elektro glade for å bidra til eit lag som skapar samhald, engasjement og tilhøyrsle for spelarar og supporterar frå heile Bømlo.
For berre to år sidan spelte Finnås i 7. divisjon, og no er dei allereie oppe i 5. divisjon. Det seier sitt om utviklinga laget har hatt på kort tid. Trenarteamet, beståande av Roy Onarheim, Edvin Helland, Jan Willy Kirketeig og Bjarne Halleraker, har klart å samle ei gruppe på rundt 30 spelarar – frå 17 til 45 år – der veteranar spelar ei viktig rolle som både førebilete og kulturbærarar.
– Me har henta tilbake fleire som eigentleg hadde lagt opp, spesielt frå Bremnes sin sterke juniortid. Me har fått til ei god samansetning av unge talent og rutinerte spelarar, og det viktigaste for oss er at alle kjenner seg som ein del av laget, fortel trenarane.
Treningane går føre seg tre gonger i veka, og det er imponerande oppmøte med 18–20 spelarar i snitt sjølv med turnusar og kvardagslogistikk. Til og med benkane på sidelinja har spelarane sjølv vore med å byggje for å sikre plass til alle innbyttarane.
– Det seier noko om engasjementet og eigarskapen dei har til klubben, seier Oddgeir, dagleg leiar i LOS Elektro. – Eg må og få trekke fram innsatsen trenarane legg ned. Dei stiller opp, inviterer spelarane heim, arrangerer avslutningar og legg til rette for at spelarane skal trivast.
Stemninga rundt laget er òg noko for seg sjølv. På siste bortekampen i fjor mot Halsnøy møtte heile 40 bortesupporterar opp – og på heimebane er tribunene fulle. Det er tydeleg at Finnås har klart å engasjere lokalsamfunnet.
Laget har opplevd stor interesse frå lokalt næringsliv, og dei er glade for at så mange ønskjer å støtte opp om det som skjer. Trenarane fortel at laget finansierer seg sjølv og meir enn det. Resterande går tilbake til klubben og breidden.
LOS Elektro har vore med sidan starten og er stolt hovudsponsor, men engasjementet strekker seg lenger enn til Finnås. LOS Elektro støttar klubbar over heile Bømlo – frå Langevåg og Moster i sør til Rubbestadneset og Bremnes lenger nord.
– Me ser det som naturleg å støtte tiltak som betyr mykje for både unge og vaksne i nærmiljøet. Når me ser korleis dei trenarane her står på, og kor mykje det gir tilbake til både spelarane og lokalmiljøet, så veit me at bidraget vårt er viktig, avsluttar Oddgeir.