Sander har gått vegen frå lærling til formann

LOS Gruppen -
10/6/2026

For Sander Næss Eliassen har tida i LOS Elektro vore både målretta og lærerik. Etter å ha gått på Slåtthaug vidaregåande skule starta han som lærling i selskapet. Åtte år seinare er han no formann på rammeavtalen som LOS Elektro har med Statsbygg.

– Eg sa faktisk til formannen min allereie då eg var lærling at dette kunne eg tenkt meg ein gong. Eg har alltid hatt ambisjonar om å utvikle meg, fortel Sander.

No har han hatt rolla i litt over eit halvt år, og trivst godt med både ansvaret og oppgåvene som følgjer med.

Ein variert og krevjande kvardag

Store delar av teamet på rammeavtalen med Statsbygg er for tida i fullt arbeid på HVL Kronstad, og her er ingen dagar like. Her jobbar dei i bygg med mykje folk og aktivitet, noko som stiller høge krav til fleksibilitet.

– Me må tilpasse oss det som skjer i bygga. Det blir ein del kveld og overtid for at me skal få gjort ting utan at det går utover aktiviteten i bygga og utan å forstyrre studentane.

Eit av dei større prosjekta dei held på med er utskifting av belysning frå lysrøyrarmaturer til moderne LED-belysning. Dette er eit arbeid som har gått over fleire år, og som krev både tolmod og presisjon.

Samtidig har dei òg meir komplekse oppdrag som gjer kvardagen utfordrande.

– Det mest spanande er når me må skreddarsyløysingar til kundens behov, då må me verkeleg tenke kreativt og løysingsorientert. Det er ekstra kjekt når ein ser at kunden blir nøgd med med leveransane våre.  

Brei erfaring frå ulike prosjekt

Før han gjekk inn i rolla som formann, har Sander opparbeidd seg brei erfaring frå fleire rammeavtalar og prosjekt. Han har mellom anna arbeidd med service, industri, rehabilitering, større ladeanlegg for båtar og ferger, elektrisk arbeid om bord på båtar, endeavslutningar på høgspent, trafokioskar med meir.

Denne breidda gir eit godt grunnlag i kvardagen.

– Du lærer mykje av å vere innom ulike prosjekt og miljø, og jobbe med alle typar menneske. Det gjer deg tryggare når du møter nye utfordringar.

Leiarrolla girr ny motivasjon

Overgangen frå montør til formann har gitt Sander nye perspektiv.

– Det er kjekt å få erfaring med leiing. Du må handtere ulike personar og behov, kommunisere godt og sette tydelege forventningar. Samtidig handlar det om å tilrettelegge slik at ein får ut potensialet i kvar enkelt.

Han er opptatt av å bygge eit sterkt team, og det synes godt at gjengen her trivst saman.

– Eg prøver å skape ein god lagfølelse innad i tamet. Kjemien i teamet har mykje å seie, spesielt når arbeidsmengda er stor. Då er det viktig å ha det kjekt i lag for å oppretthalde motivasjonen.

Litt av teamet som er i arbeid på HVL Kronstad

Eit arbeidsmiljø som betyr noko

Når Sander skal forklare kvifor han har blitt verande i LOS Elektro, kjem svaret raskt:

– Arbeidsmiljøet. Folk støttar kvarandre, og har du spørsmål, får du alltid hjelp. Det betyr mykje i kvardagen. Eg trur faktisk eg utelukkande har møtt på likandes folk i LOS Elektro.

Han trekk og fram kulturen i selskapet som ein viktig faktor.

– Alle har litt same mentalitet, og det skapar eit godt samhald. Og så må eg jo nemne julebordet som er eit høgdepunkt kvart år! Det er veldig kjekt når heile selskapet samlast rundt ein miks av fagleg og sosialt innhald.

I tillegg til dette er det tydeleg at moglegheiten for å utvikle seg innad i selskapet har vore viktig for Sander heilt i frå starten.

– Her får du sjansen viss du vil noko. Eg har ambisjonar og ønskjer å utvikle meg vidare, og det føler eg at eg kan gjere her.

LOS Elektro er veldig takknemlege for å ha Sander med på laget, og me er glad for alle som blir verandre og utviklar seg i lag med oss kvar einaste dag.

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?

Kontakt