
Etter ein liten periode vekke frå LOS Elektro, var det ikkje vanskeleg for Remi Andre Sævereid Samnøy å takke ja til å kome tilbake då moglegheita for ein ny og spanande stilling som formann dukka opp. No har han vore i LOS Elektro i til saman 12 år fordelt på to periodar.
– Eg visste kva eg gjekk til. Eg hadde trivst veldig godt her tidlegare, så då sjansen kom til å kome tilbake som formann, var det eigentleg eit ganske enkelt val, fortel han.
I dag jobbar han som formann på rammeavtalen med Bergen kommune, som er den største rammeavtalen LOS Elektro har.
Ingen dagar er like
Remi har ansvar for områda Arna og Åsane og leier eit team på om lag sju montørar. Totalt er det rundt 18-20 tilsette knytt til avtalen til ein kvar tid, fordelt på tre formenn.
– Me er innom det meste Bergen kommune eig av bygg og eigedomar. Det kan vere skular, sjukeheimar, administrasjonsbygg eller kulturbygg. Det gjer at ingen dagar er heilt like.
Den store variasjonen i oppdraga er noko både han og montørane set pris på.
– Me får prøve oss på mange ulike typar jobbar og møte mange forskjellige menneske. Montørane slepp å vere låste til det same prosjektet over lange periodar, og det trur eg mange synest er kjekt.
Frå gamle bygg til moderne signalbygg
Gjennom avtalen utfører LOS Elektro både serviceoppdrag og større prosjekt. Eitt av dei største investeringsprosjekta dei siste åra har vore utskifting av belysning til LED i kommunale bygg, noko som LOS Elektro har arbeida med i fleire år.

– Me er innom mange ulike typar bygg, blant anna fleire eldre bygningar som i dag er freda. Gamle Norges Bank er eitt døme. Eit anna er Skansen brannstasjon, seier han og peiker opp mot den karakteristiske brannstasjonen i fjellsida under Fløyen.
Samtidig går mykje av arbeidet føre seg på skular, mellom anna ved oppussing av SFO-lokale og andre undervisningsbygg. Blant dei meir synlege prosjekta trekkjer han fram arbeid på signalbygg som Mathallen og Ny Krohnborg skole på Danmarksplass.
Travle arbeidsdagar
Den kalde vinteren har gitt ekstra travle dagar for teamet.
– Når temperaturen fell, merkar folk fort dersom varme- eller tekniske anlegg ikkje fungerer som dei skal. Då kjem oppdraga tett, og det kan bli ganske hektisk.
Mange av bygga Bergen kommune eig, er samfunnskritiske bygg. Det gjeld særleg skular, sjukeheimar og andre bygg der mange menneske oppheld seg kvar dag.
– Når noko stoppar opp eller ikkje fungerer som det skal, må det ofte løysast raskt. Då handlar det om å prioritere rett, vere tilpasningsdyktige og få folk på plass så fort som mogleg.
Arbeidsmiljøet fekk han tilbake
For Remi er det menneska som er den største grunnen til at han trivst så godt i LOS Elektro.
– Arbeidsmiljøet betyr mykje. Eg har mange gode venner her, og fleire av dei har eg blitt kjent med gjennom jobben. Det var faktisk ein av hovudgrunnane til at eg kom tilbake.
Han trekkjer også fram kombinasjonen av friheit og ansvar som noko av det beste med jobben.
– Eg likar å vere ute, treffe folk og følgje opp prosjekta. Samtidig har eg eit veldig godt team rundt meg. Det er ein fin kombinasjon.
Det gode samhaldet viser seg også utanfor arbeidstida.
– Julebordet er nok årets høgdepunkt. Det blir snakka om nesten heile året! Så skjer det alltid noko nytt, og ingen dagar er heilt like. Det er nok mykje av grunnen til at eg framleis synest dette er ein veldig kjekk arbeidsplass.
For Remi er det summen av spennande oppdrag, gode kollegaer og stor variasjon som gjer at han framleis trivst svært godt i LOS Elektro. Me i LOS Elektro er glade for at Remi fann vegen tilbake til oss. Det seier noko om kva slags arbeidsplass me ønskjer å vere, når folk vel å kome att.