Opning av Kunnskapssmia – eit symbol på samarbeid mellom skule og næringsliv

LOS Gruppen
-
16/12/2024

Onsdag 4. desember 2024 vart Kunnskapssmia offisielt opna på Rubbestadneset. Dette nye bygget er eit unikt samlingspunkt der skule og næringsliv møtast under same tak. Bygget står som eit tydeleg symbol på Bømlomodellen – eit samarbeid som har vist seg heilt avgjerande for utviklinga av yrkesfag og kompetanse på Bømlo. Kunnskapssmia husar no Bømlo vidaregåande skule, LOS Gruppen, LOS Elektro og Zinus.

Opninga av Kunnskapssmia samla representantar frå fylket, næringslivet, elevar og tilsette i bygget. Det store oppmøtet vitnar om kor viktig denne satsinga er for Bømlo. Bygget vil ikkje berre fungere som eit utdanningssenter, men også som ein sentral møteplass for å utvikle idear og samarbeid.  

Konferansier Line Aasheim

Arrangementet starta med ein velkomst frå dagens konferansier Line Aasheim, elektrikar i LOS Elektro. Ho introduserte så ordførar Morten Helland, som presenterte lærling i LOS Elektro, Hannah Stokkenes-Jenkins, og elev Daniel Ceron Gjerde, som klipte den symbolske “kabelen” og erklærte bygget offisielt for opna.

I talen sin løfta ordføraren fram kor unikt prosjektet er, med den tette sameksistensen mellom skule og næringsliv i «Bømlomodellen». Han understreka betydinga av samarbeidet for å sikre framtidig kompetanse og hylte innsatsen frå lokalt næringsliv og politisk engasjement som har gjort prosjektet mogleg. Helland viste til korleis prosjektet har sine historiske røter i Rubbestadneset si industrikultur, men han peika og framover, med fokus på å skape arbeidskraft til morgondagens utfordringar. Han trekte fram LOS-gruppa sine spanande framtidsprosjekt og det nye akvakultursenteret som viktige bidrag til regionen, før han avrunda med å understreke at modellen som no blir opna er nøkkelen til suksess: eit tett samarbeid mellom skule, næringsliv og lokalsamfunn.

Konsernsjef og gründer i LOS Gruppen, Jakob Særsten, delte engasjementet til ordføraren kring samarbeidet mellom utdanning og næringsliv som ein har fått til på Bømlo. Deretter fekk salgssjef i Zinus, Bjørn Sturle Hillestad, sei nokre ord om deira erfaring med å flytte inn i bygget. Stortingsrepresentant Odd Harald Hovland frå Arbeiderpartiet og rektor ved Bømlo vidaregåande skule, Tor Inge Kalstad, understreka begge kor viktig denne modellen er for å sikre relevant utdanning og arbeidskraft i framtida.  

Salgssjef i Zinus, Bjørn Sturle Hillestad

Arrangementet vart avrunda av Oddgeir Alsvåg, dagleg leiar i LOS Elektro, som retta ei stor takk til alle involverte i prosjektet. Etter det offisielle programmet fekk alle dei frammøtte høve til å gå rundt i bygget, nyte kake og kaffi, sjå filmar frå skulane og bedriftene i auditoriet, og sjå korleis skulen og bedriftene jobbar side om side i praksis.

Godt oppmøte

Kunnskapssmia er ikkje berre eit nytt bygg, men ei vidareføring av ein suksessrik modell. Bømlomodellen har vist at tett samarbeid mellom skule og næringsliv er nøkkelen til å løyse utfordringar med kompetansebehov og rekruttering. Ved å dele fasilitetar som verkstadhall og samarbeide om opplæringa, får elevar praktisk og relevant erfaring, medan næringslivet får tilgang til kompetent arbeidskraft.

Denne modellen var blant anna avgjerande for å redde yrkesskulen på Bømlo då den stod i fare for nedlegging. Det store engasjementet frå næringslivet gjorde at skulen ikkje berre overlevde, men no kan vere ein føregangsmodell for andre skular i landet.


Dagleg leiar i LOS Elektro, Oddgeir Alvsvåg i intervju med NRK

Med dette tek Bømlo eit nytt steg framover i arbeidet med å byggje bru mellom skule og arbeidsliv, til stor nytte for heile lokalsamfunnet.

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?