
På biletet: Årets nye fagarbeidarar. Ikkje alle var til stades på markeringa.
LOS Elektro har til ei kvar tid eit stort antall lærlingar, og på julebordet fekk me feira dei som har tatt fagbrev det siste året. Me pleier å sei at lærlingane er den viktigaste delen av LOS Elektro, og dette viser seg år etter år når me kan feire så mange nye, flinke fagarbeidarar. Tusen takk for innsatsen de har lagt ned gjennom læretida, me er stolte over dykk!
Kunne du tenke deg å bli lærling i LOS Elektro, eller kjenner du nokon det kan passe for? Me kjem til å lyse ut nye lærlingplassar i januar, og ser fram til å ønskje fleire flinke folk velkommen på laget vårt!