Markering av milepælar i LOS Elektro

LOS Gruppen
-
17/12/2024

LOS Elektro har ein årleg tradisjon med å heidra medarbeidarar som når viktige milepælar i selskapet. På julebordet i år vart fleire jubilantar med 30 år, 25 år og 10 år i LOS Elektro feira for sin innsats og lojalitet. I tillegg fekk me gleda av å markera medarbeidarar som har oppnådd fagbrev.

Lærlingane våre er hjartet av bedrifta vår. Dei er uvurderlege bidragsytarar som utgjer den viktigaste delen av LOS Elektro. At dei oppnår fagbrev er eit viktig steg i karrieren, og det er inspirerande å sjå nye fagfolk utvikla seg og styrke laget vårt. Alle våre dyktige og dedikerte medarbeidarar er grunnlaget for suksessen til LOS Elektro, og denne årlege markeringa gir oss eit viktig høve til å takka nokre av dei for innsatsen.

30 år i LOS Elektro: Martin Særsten og Simon Teigland

25 år i LOS Elektro: Geir Peter Gjøsæter, Olaf Andreas Alfsvåg og Alf Wegar Thorsen

10 år i LOS Elektro: Remi Andre Sævareid, Øystein Sortland, Stian Natterøy, Magdalena Winiarek, Kjetil Romslo og Linda Steinsvåg

Fagbrev: Jørgen Treet, Tønnes Wichmann Wiik, Jenny Gilje, Erlend Morlandstø (bak), Daniel Lazaro Trimini-Mikalsen (bak), Jonas Særsten, Aksel Skeie, Marcus Ellingsen, Halvard Knutsen. Ikkje på bilete: Trym Kleppe, Torstein Emil Woldseth.

Eiga markering: Tonny Nesse 10 år, Martin Loftås 30 år og Odd Henning Hopsdal 25 år

Me er utruleg stolte over alle som bidreg til LOS Elektro si utvikling, og ser fram til vidare samarbeid i åra som kjem. Tusen takk for solid innsats og lojalitet!

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?