
LOS Gruppen er stolte og takksame for å ha blitt tildelt Næringsprisen 2025 frå Bømlo Næringsråd. Dette er ei anerkjenning me set svært høgt, og som betyr mykje for alle oss som kvar dag jobbar for å skape verdiar, arbeidsplassar og utvikling med utgangspunkt i Bømlo.
Konsernsjef og grunnleggjar Jakob Særsten set ord på kva denne anerkjenninga betyr:
– Eg er utruleg stolt over at me har vunne næringsprisen. Det betyr mykje å bli lagt merke til for det arbeidet me har lagt ned over mange år.
LOS blei etablert tilbake i 1983, og har sidan den gong vakse steg for steg. I dag tel konsernet nærmare 700 tilsette og siktar mot nærare 2 milliardar kroner i omsetnad i 2026.
– Min visjon har heilt sidan starten vore å skapa trygge arbeidsplassar og gje unge folk ein sjanse gjennom lærlingplassar. Me starta opp heilt tilbake i 1983, og steg for steg har me bygd oss opp til det me er i dag.
For oss handlar vekst om meir enn tal. Me er opptekne av å bidra til lokalsamfunnet vårt, og har gjennom heile reisa hatt eit sterkt fokus på å skape arbeidsplassar og utvikle fagkompetanse. Som ei av dei største lærebedriftene i regionen har me over lang tid satsa tungt på lærlingar. Det er ein viktig del av ansvaret vårt og ein investering i framtida.
Samtidig jobbar me målretta med å utvikle og levere løysingar som bidreg til det grøne skiftet. Gjennom satsingar som LOS Power Solutions, Zinus og Olvondo Technology, leverer me teknologi og tenester som fremjar elektrifisering, energieffektivisering og meir berekraftige løysingar.

Me set særleg pris på at juryen løftar fram rolla vår i regionen. I grunngjevinga seier juryen at dei har lagt vekt på at LOS Gruppen «skapar eit positivt omdømme for Bømlo, både regionalt og nasjonalt», og at konsernet «viser evne til omstilling og vekst, år etter år». Dette er ord som betyr mykje for oss.
For Særsten er det likevel éin ting som står over alt:
– Det hadde aldri vore mogleg utan alle dei dyktige folka som kvar dag legg ned ein fantastisk innsats. Denne prisen er ein anerkjenning av fellesskapet vårt, noko som gjer meg både audmjuk og stolt. Tusen takk til alle som har vore med på reisa.
Han løftar fram breidda i konsernet, og påpeikar at det er alle tilsette i selskapa innunder LOS Gruppen som har gjort dette mogleg: LOS Elektro, LOS Marine, LOS Elektro Stord, Zinus, FLM Elektro, LOS Power Solutions, LOS Ølve Elektro og Olvondo Technology.
Næringsprisen motiverer oss til å halde fram med å utvikle LOS og til å ta nye steg. Me har tru på framtida, og på moglegheitenesom ligg i teknologi, kompetanse og berekraftige løysingar.
Til slutt vil me rette ei stor takk til juryen, og til Nesseplast som var årets sponsor for næringsprisen.