LOS Elektro vald som leverandør på rammeavtale for Universitetet i Bergen

LOS Gruppen
-
8/5/2025

Rammeavtalen omfattar levering av elektrotekniske arbeid i samband med ordinær drift og vedlikehald av bygningsmassen til Universitetet. Kontrakten har ei varigheit på inntil 3 år og har ein verdi på inntil 35 millionar kroner. For LOS Elektro AS vil denne avtalen vere eit viktig bidrag til å sikre auka føreseielegheit. Med bakgrunn i denne kontrakten kjem me til å auke bemanninga vår i Bergen. LOS Elektro AS ser på avtalen som ei stadfesting av både kvalitet og tillit.

- Det er alltid ei anerkjenning å bli vald som leverandør på ein rammeavtale. Universitetet er ein attraktiv kunde med mange spanande prosjekt, og me ser fram til nye oppgåver, seier dagleg leiar Oddgeir Alvsvåg i LOS Elektro AS.

Denne avtalen vil sikre oss gode leveransar og gi stabil og høg aktivitet innan vedlikehald, i tillegg til å styrkje marknadsposisjonen vår. Det er LOS Elektro AS si avdeling i Bergen – lokalisert på Straume – som vil ha ansvaret for kontrakten.

Me er stolte over denne tildelinga og takkar Universitetet for tilliten. Me ser fram til eit godt samarbeid!

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?