
På oppdrag frå Statens vegvesen byggjer Sotra Link ny riksveg frå Kolltveit i Øygarden til Storavatnet i Bergen. Prosjektet omfattar 19 bil- og fotgjengarundergangar, 23 tunnelportalar, 22 bruer og viaduktar, ny firefelts motorveg og 14 kilometer med gang- og sykkelveg. I tillegg blir det bygd om lag 24 kilometer med nye tofelts adkomstvegar.
Ny Sotrabru blir eit landemerke i seg sjølv. Ho blir 30 meter brei, 900 meter lang og har tårn som ragar 145 meter over bakken. Drotningsviktunnelen blir bygd nesten 2 000 meter lang og får avkøyrsler og rampar til Drotningsvik. Harafjelltunnelen blir bygd om, og tre nye tunnelar for fotgjengarar og syklistar blir etablerte ved Janahaugen, Kiplehaugen og Harafjellet.
Fleire av våre dyktige elektrikarar og lærlingar er no i full sving på Rv.555 Sotrasambandet. Leveransane våre er omfattande og stiller høge krav til kvalitet, presisjon og samarbeid.
Me leverer mellom anna:

LOS Elektro har òg eigne spesialistar som arbeider direkte for Sotra Link Construction med utføring, kontroll og verifisering av jording i konstruksjonar. Jordingsteamet, leia av Harald Sandbugt og Jonny Helland, jobbar over heile anlegget frå brutårn meir enn 100 meter over bakken til djupe tunnelar og underjordiske konstruksjonar.
Leveransane i dette prosjektet krev både erfaring, systemforståing og høg fagleg standard. Samtidig gir prosjektet medarbeidarane våre moglegheit til å jobbe med moderne løysingar, avansert teknologi og samfunnskritisk infrastruktur. Me er stolte av fagmiljøet vårt og av å vere ein arbeidsplass der både lærlingar og erfarne fagfolk får utvikle seg vidare.