LOS Elektro på Langevåg: Nær kunden med brei kompetanse

LOS Gruppen -
25/6/2025

På Langevåg har LOS Elektro ei solid og erfaren gruppe som kjenner både kundane og marknaden godt. Her finn du folk som har jobba i området i ei årrekkje, og som veit kva som trengst – både på land og til sjøs.

Gorm Eidesvik byrja som lærling i LOS Elektro i 2015, og har hatt mykje av arbeidskvardagen sin på Langevåg. I dag er han serviceleiar og har ansvar for å koordinere den daglege drifta i området. – Eg sørger for å halda folk i sving, har kontakt med kundane og lyttar til kva dei treng. Eg er kontaktperson for marine og næringskundar her på Langevåg, medan Anita Pedersen har ansvaret for privatmarknaden, fortel Gorm.

‍

Gorm peiker og fortel om kundane deira som held til i fiskerihamna

‍

På Langevåg er dei rundt ti personar som jobbar fast i området, med lager og pauserom i eit relativt nytt bygg i fiskerihamna – tett på mange av verksemdene dei samarbeider med. Gruppa har eit nært og velfungerande samarbeid, og fleire har vore med i mange år. Det gir både høg kompetanse og god kjennskap til kundane, anlegga og behova i området.

‍

Inne på lageret til LOS Elektro i fiskerihamna

‍

Dei som arbeider på Langevåg høyrer til anten installasjonsavdelinga, leia av Inge F. Tverborgvik, eller marineavdelinga, leia av Johannes Seim.

– Sjølv om me samarbeider tett med dei andre i avdelingane våre, blant anna på Rubbestadneset, er me som arbeider saman på Langevåg blitt som ein liten familie, seier Gorm. – Det er eit godt miljø her, og me deler mykje kunnskap i kvardagen. Når ein støyter på eit problem, diskuterer me oss fram til løysingar i lag.

Folka i Langevåg arbeider med alt frå feilsøking og vedlikehald til nyinstallasjonar. Dei er ofte i sving på anlegg og fartøy som krev lokal tilgjengelegheit og rask respons – som slakteri, smoltanlegg og skipsinstallasjonar, og fleire verksemder innan marin og maritim drift.

– Me får vere borti ulike typar system, og det gir oss ei brei og praktisk forståing for korleis alt heng saman. I staden for å spesialisere oss veldig, er me fleksible og kan tilpasse oss ulike behov.

‍

Anita og Gorm

‍

Men det handlar ikkje berre om industri og marine. I privatmarknaden er det Anita kundane oftast møter. Ho har god lokalkunnskap, og er klar for å rykke ut til både små og større oppdrag i heimane.

‍

‍

LOS Elektro bidreg òg til utviklinga av lokalsamfunnet i Langevåg. Her frå då Anita og Gorm monterte ein ny hurtigladar ved Langevåg Bygdatun til bruk for heile bygda.

‍

‍

Med lokalkunnskap, brei erfaring og raske responsar er LOS Elektro ein trygg samarbeidspartnar for både private og næringskundar i Langevåg.

‍

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?

Kontakt