
Julebordet er ein god anledning til å stoppa opp og feira folka våre. Tradisjon tru inviterte LOS Elektro jubilantar, lærlingar og nye fagarbeidarar opp på scenen under årets julebord.
10, 25 og 40 år i LOS
Kvart år har me tilsette som når nye milepælar, og mange har vore lenge med oss. I år hadde me jubilantar med 10, 25 og 40 år hos oss.
10 år: Martin Veland, Stian Fylkesnes og Lars Sortland. Fredrik Bjordal, Simon Jartveit, Per Arne Graue, Johannes Kvammen, Ole Johan Søvik og Knut Gunnar Mæland har òg vore med oss i 10 år, men dei hadde ikkje høve til å vera med på julebordet. Me håpar de alle blir verande hos oss til neste jubileum!
25 år: Lisbeth Sørenes. Tusen takk for innsatsen og for alt du bidreg med kvar dag!
40 år: John Agasøster. Førti år med erfaring og lojalitet er noko heilt spesielt, og me er utruleg takksame for innsatsen.

Nye installatørar
I år har fekk me og heidra Inger Toft Nilssen og Ola Stokka som har bestått installatørprøven. For kundane våre betyr det endå meir fagleg tyngde i LOS Elektro, og trygge og gode leveransar. Me er stolte av dei begge, gratulerer så mykje!

Nye lærlingar og nye fagarbeidarar
Me fekk òg alle dei nye lærlingane våre opp på scenen, og markerte alle som har tatt fagbrevet sidan førre julebord. Lærlingane er blant dei viktigaste folka våre, og me er stolte av kvar einaste nye fagarbeidar.


Takk til alle saman
Til slutt vil me seia takk til alle tilsette for eit kjekt julebord og for innsatsen kvar dag. Det er folka som gjer LOS til det det er, og me er glade for at så mange vel å bli verande hos oss år etter år.