Elektrifisering av bilparken gir store utsleppskutt i LOS Elektro

LOS Gruppen
-
8/10/2025

Berekraft er ein raud tråd i alt LOS Elektro gjer, både i møte med kundar og i eiga verksemd. Med mål om å redusere CO₂-utslepp til under 50 kg CO₂ per million kroner* i omsetning innan 2030, har LOS Elektro sett i verk fleire konkrete tiltak.

I 2025 køyrer dei tilsette allereie rundt 100 elbilar i kvardagen. Dette er vesentleg meir enn i 2024, og fleire er på veg inn. Når alle bestilte bilar er levert, vil LOS Elektro ha heile 116 elbilar av totalt ca. 145 køyretøy. Det betyr at hovuddelen av bilparken vil vere elektriske bilar.

– Me veit at firmabilane står for den største delen av våre CO₂-utslepp. Difor har det vore heilt naturleg å prioritere elektrifisering av bilparken. Overgangen frå diesel til straum gir store kutt i CO₂, samtidig som me får ein meir framtidsretta og berekraftig bilpark, seier dagleg leiar Oddgeir Alvsvåg.

Elbilane er berre èin del av LOS Elektro sitt breiare berekraftsarbeid både internt og ute hos kundar, som òg omfattar satsing på solcelleinstallasjonar, elektrifisering av skip og landstraum, energistyring i bygg og mykje meir. Selskapet er sertifisert både på miljø (ISO 14001) og HMS (ISO 45001).

I alt LOS Elektro driv med er verdiane sentrale: å vere leveringsdyktige, omtenksame og stolte. Desse verdiane ligg til grunn i kvardagen, og i større strategiske satsingar som å elektrifisere bilparken og redusere klimaavtrykket vårt.

*Målingar basert på scope 1 og 2

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?