Ein variert lærlingkvardag i LOS Elektro

LOS Gruppen
-
21/5/2025

Vegard Brevik Børresen er inne i sitt andre år som lærling i LOS Elektro i Bergen, og trivst godt med kvardagen ute på oppdrag. Han går på skule to dagar annakvar veke, men likar seg betre ute i felt enn bak skulepulten.

– Det var godt å kome seg ut i arbeidslivet. Eg var ganske lei av skule då eg var ferdig med VG2, og angrar ikkje på at eg valde fagbrev, fortel han.

Vegard visste tidleg at han ville gå ein praktisk veg. Interessa for elektrofaget starta heime – faren jobba med alarmar og låssystem. Han gjekk VG1 elenergi og datateknologi i Knarvik og VG2 elenergi i Åsane, før han søkte seg som lærling i LOS Elektro. Vegard bur på Kronstad, like ved bybanesporet, og det var nettopp i samband med utbygginga av Bybanen han først la merke til LOS Elektro.

Gjennom læretida har han fått vere med på eit breitt spekter av oppdrag. Via LOS Elektro sin rammeavtale med Bergen kommune har han jobba på både skular, barnehagar og andre kommunale bygg. I tillegg har han vore på rigg på Sotra og vore med på installasjon av eit nytt UPS-anlegg på Media City Bergen.

No er han med i sluttfasen av arbeidet på Alvøen idrettshall, eit nybygg der LOS Elektro har hatt ansvar for det elektriske anlegget. – Det er kjekt å vere fleire som jobbar i lag, og me er fire-fem stykker på Alvøen. Då får eg lære av dei andre samtidig som eg får prøve meg litt sjølv med andre montørar i nærleiken, seier han.

Vegard synest det er ekstra kjekt å jobbe med serviceoppdrag. Då får han køyre rundt til ulike stader, møte forskjellige folk og oppleve ein meir variert kvardag. Han har hatt serviceoppdrag fleire stader i Bergen, blant anna i Åsane, Arna og sentrum. Arbeidet er variert og gir gode moglegheiter til å lære nye ting på kort tid.

Vidare trekk han fram arbeidsmiljøet som ein av grunnane til at han trivst så godt i LOS Elektro. Det er eit ungt og sosialt miljø, og det skjer ting utanfor arbeidstida òg – som skiturar og andre sosiale samlingar.

Vegard skal opp til fagprøven i vinter, men har allereie tenkt på vegen vidare. Han vurderer å søke seg inn i Forsvaret på noko innan elektro, og synest det er spennande at fagbrevet opnar mange vegar.

– Det er mykje variasjon i kvardagen som lærling, og du får ansvar etter kvart. Eg vil absolutt anbefale LOS Elektro som lærlingplass til andre.

 

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?